Ledige stillingar

Bli med på morroa

For å vere med på Sognacamp må arbeidsplassen din vere ein del av opplegget. Dei ledige stillingane nedanfor er knytt til Sognacamp, og dersom du får ein av desse jobbane, får du også ta del i aktivitetane og bli kjent med andre deltakarar i campen.

Dersom arbeidsplassen din ikkje allereie er med i Sognacamp, kan du likevel bli med! Ta kontakt med Henrik Skyttermoen (henrik@sognnaring.no) eller snakk med din kontaktperson i bedrifta. Du kan enten betale ein eigenandel å delta, eller vi kan ta kontakt med arbeidsgivaren din for å sjå om dei ønskjer å sponse deltakinga.

Møt dei andre sommarvikarane

På Sognacamp blir du ein del av eit sosialt og fagleg fellesskap med andre sommervikarar frå fleire spennande verksemder i regionen. Her får du høve til å knyte kontaktar og dele erfaringar med studentar som jobbar hos Sognekraft, Statnett, Highsoft, Digdir, Sogndal Kommune og Statsforvalteren i Vestland.

Gjennom campen vil du ikkje berre få ei givande sommarjobboppleving, men også moglegheita til å bygge nettverk med unge talent frå ulike fagområde. Med eit variert aktivitetsprogram utanom arbeidstid får du både fagleg og sosialt utbytte – og kanskje nye vener for livet!

Ledige stillingar

Sommarjobb hos Statsforvalteren i Vestland

Statsforvaltaren i Vestland søkjer sommarvikarar til kontorarbeid i Leikanger. Arbeidsoppgåvene kan inkludere sakshandsaming, kontroll av verjerekneskap, oppgåver innan miljøinformasjon og andre administrative oppgåver.

Trykk her for å lese meir om stillingen

Ferievikarar i Balestrand

Sogndal kommune søkjer ferievikarar til sjukeheim, heimeteneste, vaskeri og kjøken i Balestrand sommaren 2025. Arbeidsoppgåvene kan inkludere helsehjelp, heimehjelp, matlaging, vask og andre omsorgsoppgåver.

Trykk her for å lese meir om stillingen

Ferievikarar i Leikanger 2025

Sogndal kommune søkjer ferievikarar til sjukeheim, heimeteneste og kjøken i Leikanger sommaren 2025. Arbeidsoppgåvene kan inkludere helsehjelp, heimehjelp, matlaging og andre omsorgsoppgåver.

Trykk her for å lese meir om stillingen

Ferievikarar i psykisk helse og rus

Sogndal kommune søkjer ferievikarar til avdeling Plassen (Sogndal) og avdeling Leikanger sommaren 2025. Arbeidsoppgåvene kan inkludere miljøarbeid, praktisk bistand, medikamenthandtering og dokumentasjon.

Trykk her for å lese meir om stillingen

Ferievikarar – Fysio- og ergoterapistudentar

Sogndal kommune søkjer fysio- og ergoterapistudentar til rehabiliterings-/korttidsavdelinga på Sogndal helse- og omsorgssenter sommaren 2025. Arbeidsoppgåvene kan inkludere rehabilitering, trening med pasientar, forflytning og tilrettelegging for kvardagsmeistring.

Trykk her for å lese meir om stillingen

Ferievikarar – Sogndal helse og omsorgssenter

Sogndal kommune søkjer ferievikarar til korttids- og langtidsavdelinga ved Sogndal helse og omsorgssenter sommaren 2025. Arbeidsoppgåvene kan inkludere helsehjelp, ernæringsoppfølging og omsorgsarbeid for bebuarar.

Trykk her for å lese meir om stillingen