
Kva er SOGNACAMP?
Sognacamp er ei unik sommaroppleving der du kombinerer ein spennande jobb med aktivitetar i verdas vakraste natur, og blir ein del av eit inkluderande fellesskap som gir minner for livet.
Velkomen til Sogn, eit område rikt på historie, spektakulær natur og spanande moglegheiter! Sogn ligg midt i hjartet av Vestland fylke og er kjent for sine dramatiske fjordlandskap, majestetiske fjell og sjarmerande bygder. Regionen har ein stolt historie som går tilbake til vikingtida, og naturen her har alltid vore ein viktig del av livet til folk – både som arbeidsplass og leikearena.
Sogn er og ein region med eit moderne og framtidsretta næringsliv. Her finn du eit breitt spekter av kompetansearbeidsplassar, anten du studerer teknologi, ingeniørfag, økonomi eller andre fagretningar. Regionen har sterke miljø innanfor fornybar energi, IT, industri, reiseliv og marin sektor, der innovative bedrifter jobbar tett med forskingsmiljø og akademia. Frå kraftprodusentar til teknologiselskap og gründerbedrifter – Sogn byr på utfordrande og spennande karrieremoglegheiter.
Denne kombinasjonen av yrande næringsliv og fantastiske friluftsmoglegheiter gjer Sogn til ein perfekt plass å tilbringe sommaren.
Her er noko av det du kan sjå fram til som deltakar:
Relevant arbeidserfaring: Gjennom ein spennande jobb som krev høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, får du verdifull innsikt og praktisk erfaring som gjer deg godt rusta for framtida.
Bustad : Vi eller arbeidsgivar hjelper deg med bustad i samarbeid med folkehøgskulen eller Saman, slik at du kan fokusere på jobb og trivsel.
Eit rikt sosialt program: Vi legg til rette for aktivitetar som fjellturar, padling, stisykling, klatring og kulturelle opplevingar – alt for å vise fram det beste av Sogn.
Oppfølging gjennom sommaren: Du får støtte og oppfølging frå dedikert personell som hjelper deg å løyse utfordringar og finne deg til rette.
Fellesskap med andre studentar: Alle deltakarane bur samla, noko som skapar eit unikt miljø med samarbeid og nye vennskap.
Personleg og fagleg utvikling: Gjennom tilbakemelding og evalueringar får du moglegheita til å styrke dine ferdigheiter og bygge sjølvtillit.
Vårt sommarprosjekt gir deg ikkje berre ein jobb, men også ei oppleving for livet. Opplev Sogn, bygg nettverk og utvikle deg fagleg i ein sommar fylt av utfordringar, læring og vakker natur.
Er du klar til å bli med?