Om oss

Sognacamp blir drive av Sogn Næring, eit næringsutviklingsselskap som jobbar for å styrkje vekst, berekraft og rekruttering i Sogn. Vi arbeider aktivt med å knyte saman næringsliv, offentlege aktørar og akademia for å utvikle regionen, og Sognacamp er eitt av våre viktige tiltak for å rekruttere unge talent til området.

  • Inspirasjonskilder er Digdir og Haugalandet Vekst. Digdir har gjort noen lignende i mange år, mens Haugalandet Vekst har omtrent akkurat sammen konsept.

Vi er utruleg takksame og stolt for delingskulturen som pregar Vestlandet – det er gjennom open kunnskapsdeling vi saman får til dei beste løysingane. Tusen takk til Sognekraft AS, Digdir og Haugalandet Vekst for at dykk deler.

Kontakt oss

Har du spørsmål om Sognacamp? Ta kontakt med Henrik Skyttermoen i Sogn Næring, så hjelper han deg!

Henrik Skyttermoen
henrik@sognnaring.no
936 20 411

Kva er Sognacamp eigentleg?

Sognacamp er ein fem veker lang sommaroppleving for studentar med sommarjobb i Sogn, og eit viktig rekrutteringstiltak for regionen. Målet er å gi studentane ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som dei får utforske moglegheitene i regionen.

Som deltakar får ein relevant arbeidserfaring gjennom spennande sommarjobbar i lokale bedrifter. Samstundes bur ein saman med andre studentar og får oppleve alt frå fjellturar og kajakkpadling til lokale festivalar som Bergtatt og Fres Festivalen. Campen gir dermed ein unik inngang til arbeidslivet og regionen – kanskje starten på eit langvarig forhold til Sogn?

Vi i Sogn Næring organiserer det sosiale programmet utanom arbeidstid, medan bedriftene sørger for det faglege innhaldet. Campen startar med kick-off i Sogndal 23. juni og varer til 27. juli 2025.

Gjer sommaren uforgløymeleg – bli med på Sognacamp og opplev alt Sogn har å by på fra eit fritidsperspektiv og eit jobb perspektiv! Ta kontakt med oss for meir informasjon.