
Bli med som bedrift!
Gjer som mange andre bedrifter i regionen og meld dykk på Sognacamp! Dette er ei unik moglegheit til å tiltrekke dyktige studentar, bygge sterke relasjonar og vise fram arbeidsplassen din som ein attraktiv karriereveg
Sognacamp er eit rekrutteringstiltak som gir bedrifter ei unik moglegheit til å knyte studentar tettare til både arbeidslivet og regionen. Gjennom fem veker fyller vi sommaren deira med uforgløymelege opplevingar, nettverksbygging og eit positivt inntrykk av kva Sogn har å by på. Dette aukar sjansen for at studentane ønskjer å vende tilbake som framtidige tilsette eller entreprenørar i regionen.
Korleis fungerer det? Som bedrift kan du melde inn studentar som allereie har fått sommervikariat hjå dykk. Sogn Næring tek seg av alt det sosiale utanom arbeidstid, medan bedrifta di står for det faglege innhaldet og sjølve arbeidsoppgåvene.
Krav til bedrifter for å være med:
Arbeidsstad: Sogn.
Vikarjobb som krev at vikaren er i eit utdanningsløp.
Arbeidsgivar oppfordras til å stille med hybel/bustad for studentar som kjem utanfrå, i samarbeid med folkehøgskulen eller Saman.
Personell til å følge opp studentane gjennom sommaren.
Tilby fleksibilitet og varierte arbeidsoppgåver som gir relevant erfaring.
Gjennomføre eit kort introduksjonsprogram (onboarding) for å sikre at studentane forstår sine oppgåver og bedriftens mål.
Inkludere studentane i sosiale arrangement eller teamaktivitetar for å styrke tilhørighetskjensla.
Sørge for ein tydelig kontrakt som avklarer arbeidsoppgåver, arbeidstid og lønn.
Vel din pakke
Sognacamp Enkel
- ✓Deltakar får være med på tre aktivitetarer
- ✓Synligheit på i våre kanalar
- ✓Vi rekrutterer for deg på Karrieremessa - Bergen 18. februar
kr 5.000,- + 1.500 per deltakar
Sognacamp Basis
- ✓Deltakarar får være med på alle aktivitetar
- ✓Synligheit i våre kanalar
- ✓Tilgang på felles biletebank
- ✓Marknadsføringsmateriell for neste år
- ✓Vi rekrutterer for deg på Karreremessa - Bergen 18. februar
kr 10.000,- + 2.000 per deltakar
Sognacamp Pluss
- ✓Alt som er inkludert i basispakken
- ✓Ein arbeidsdag med profesjonell fotograf
- ✓Innhaldsproduksjon for di bedrift
- ✓10 profesjonelle bilete
- ✓Synlegheit som hovudpartnar
- ✓Tilpassa innhald i Some
- ✓Rabatt på Fres og Bergtatt festivalen
kr 15.000,- + 2.000 per deltakar
Aktivitetskordinator
Henrik Skyttermoen- Rådgjevar Sogn Næring
Henrik Skyttermoen er til dagleg rådgjevar i Sogn Næring, der han har ansvar for å planleggje og gjennomføre arrangement, i tillegg til å jobbe med rekrutteringsarbeid. Med brei erfaring frå reiselivsbransjen og eit brennande engasjement for aktivitetar, er Henrik ein person som alltid finn dei beste opplevingane Sogn har å by på.
På fritida er Henrik ein ivrig utforskar av alt det spanande regionen har å tilby, frå stisykling og fjellturar til elvepadling og klatring. Han har budd i Sogn i sju år og kjenner kvar einaste krik og krok, noko som gjer han til ein ekspert på å finne fram til dei skjulte perlene og dei morsomaste aktivitetane i området.
“Ein går aldri tom for morosame ting å finne på her, og det er nettopp derfor eg valde å bli,” seier Henrik. Denne lidenskapen for både natur og friluftsliv gjer han til ein uvurderleg ressurs for å gi deltakarane i sommarprosjektet ei oppleving dei seint vil gløyme.
Henrik sin kunnskap og entusiasme for Sogn sørgjer for at aktivitetane blir varierte, inkluderande og tilpassa alle – anten du er ny i regionen eller allereie ein erfaren friluftsentusiast.
Fotograf og innholdsprodusent
Vi har med oss ein profesjonell fotograf som vil dokumentere prosjektet gjennom høgkvalitets bilete og film. Fotografen vil fange essensen av aktivitetane, arbeidsmiljøet, naturen og kulturen som utgjer prosjektet. Med eit skarpt auge for detaljer og historieforteljing, vil bileta bidra til å løfte innhaldet vårt og skape engasjerande visuelt materiell til bruk i marknadsføring og kommunikasjon.
Gjennom prosjektet vil fotografen sikre autentiske og inspirerande bilete som speglar opplevinga deltakarane får, og formidle prosjektets betydning på ein levande måte.
Meld på din bedrift
Fyll ut skjemaet under, så tek vi kontakt med deg så snart som mogleg. Ved å fylle ut skjemaet gjer du ikkje ei endeleg påmelding med ein gong – dette er berre første steg i prosessen. Vi tek kontakt for å gå gjennom informasjonen saman med deg, avklare detaljar og sikre at alt er på plass før vi registrerer di bedrift.
Vår målsetjing er å gjere det enkelt for deg å delta, samtidig som vi sørgjer for at alle behov og forventningar vert tekne hand om. I tillegg gir vi deg moglegheit til å stille spørsmål eller få meir informasjon om prosjektet dersom det er noko du lurer på.
Spørsmål kan også stilles direkte til Henrik til henrik@sognnaring.no