SOGNACAMP SØKJER FOTOGRAF
Arbeidsperiode: 23. juni - 27. juli
Engasjement: 5 veker gjennom enkeltpersonforetak
Lønn: 50 000+ 10 000 for bruk av eige utstyr (eks mva)
Krav: Søkaren må ha erfaring med fotografering og filming, inkludert bruk av drone og anna kamerautstyr, samt grunnleggjande kjennskap til redigeringsprogram (Adobe) for bilete og video.
Arbeidssted: Sogndal
Arbeidstid: Arbeidstid vil variere ut frå aktivitetane i campen. Vi forventar ein arbeidsmengde på om lag 37,5 timar per veke, med fleksibilitet knytt til kveld og helg ved behov.
Bolig: Inkludert i jobben om du kjem tilreisande.
Søknadsfrist: 22. april kl 1600
Vi søker deg
Sogn Næring ser etter ein fotograf som vil bruke kameraet sitt til meir enn berre å ta fine bilete. Vi vil ha deg som vil vere med å fortelje historia om ein sommar fylt med menneskemøte, naturopplevingar, engasjement og aktivitetar i spektakulære omgjevnader. Gjennom fem veker i Sogn vil du få ansvar for å dokumentere Sognacamp 2025 – eit rekrutteringstiltak for studentar med sommervikariat i regionen.
Sognacamp er ein heilt spesiell sommar for deltakarane, og vi ønskjer å formidle dette gjennom levande og ekte bilete og video. Du vil få vere med på å følgje deltakarane tett gjennom kvardagen deira: frå dei møter opp til jobb, deltek på felles friluftsaktivitetar som fjelltur, stisykling, klatring eller kajakkpadling, til dei er med på lokale festivalar som Bergtatt og Fresen. I tillegg vil du få fange stemninga på kveldsturar, sosiale samlingar, og dei uventa og ekte augneblikka som gir prosjektet sjel og personlegdom.
Som fotograf for Sognacamp får du tilgang til eit mangfald av motiv, lys og landskap – alt frå tidlege morgonar ved fjorden til fargerike festivalar i sommarkveld. Du får høve til å utvikle deg fagleg, bygge ei sterk portefølje, vise fram arbeidet ditt på regionale plattformer og jobbe tett med eit lite, engasjert team i Sogn Næring. Du får også verdifull erfaring med innhaldsproduksjon for offentlege prosjekt og kampanjar, der både formidling, kvalitet og samfunnsoppdrag står i sentrum.
Vi stiller med tett fagleg oppfølging, tydelege forventningar og stort rom for eiget initiativ. Du får sjansen til å dokumentere eit prosjekt som handlar om å styrke tilknytinga mellom unge og regionen – og samtidig oppleve Sogn på sitt beste. Dette er ikkje berre ein sommarjobb – det er eit oppdrag du kan vere stolt av.
Om oppdraget og rammene rundt
Stillingstittel: Fotograf for Sognacamp 2025
Oppdragsgjevar: Sogn Næring AS
Engasjement: 5 veker, frå 23. juni til 28. juli 2025
Arbeidsstad: Sogndal (med reiser til ulike delar av Sogn)
Arbeidsform: Oppdrag via enkeltpersonforetak
Honorar: kr 50 000 + kr 10 000 for leige av eige utstyr (eks mva)
Arbeidstid: Om lag 37,5 timar per veke. Kvelds- og helgearbeid må påreknast i samband med arrangement og aktivitetar.
Oppdraget omfattar:
Fotografering og filming av aktivitetar, deltakarar og landskap
Produksjon av korte og lengre videoinnslag til bruk i marknadsføring og rapportering
Redigering av foto og video i tråd med gitte krav til format, lengde og stil
Lagring, tagging og organisering av alt råmateriale og ferdig produkt
Reise til aktuelle lokasjonar etter avtalt plan og aktivitetskalender
Samarbeid med kommunikasjonsansvarleg i Sogn Næring
Krav til søkaren:
Erfaring med fotografering og videoopptak med kamera og drone
Kjennskap til og praktisk erfaring med redigeringsprogram (til dømes Adobe Lightroom, Photoshop, Premiere Pro)
Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og kunne planleggje eigen arbeidsdag
Må kunne levere foto og video av høg kvalitet til bruk på nett og i trykt materiell
Må ha eige kamerautstyr til bilde og video, drone og redigeringsverktøy (Sogn Næring kan i nokre tilfelle bidra med leigeutstyr)
Må ha tilgang til trygg lagring (t.d. minnekort, harddisk, backup-løysing)
Må ha førarkort klasse B
Må ha enkeltpersonforetak og kunne sende faktura
Retningslinjer og rettar:
Alt materiale som vert produsert i samband med oppdraget er Sogn Næring sin eigedom
Fotografen vil bli kreditert i relevante samanhengar, og kan nytte utvalde bilete i eigen portfolio etter avtale
Det skal leverast ferdig redigert materiale i tråd med ein produksjonsplan avtalt med Sogn Næring
Fotografen har ansvar for trygg lagring av alle data til prosjektet er levert
Utgifter og godtgjersle:
Reise i samband med oppdraget dekkast etter nærare avtale
Overtid eller ekstraarbeid utover avtalt ramme må godkjennast på førehand
Vi tilbyr:
Eit honorar på kr 50 000 for oppdraget + kr 10 000 for bruk av eige utstyr (eks mva)
Tilgang til bil
Tilgang til kontor med ekstern skjerm
Tett fagleg oppfølging frå kommunikasjons- og prosjektteamet
Moglegheit til å delta på aktivitetar og festivalar som ein del av dokumentasjonsoppdraget
Ein sosial og variert arbeidskvardag der du får stort handlingsrom
Verdifull erfaring med innhaldsproduksjon for eit offentleg rekrutteringstiltak
Bygging av eit sterkt nettverk i næringsliv, offentleg sektor og studentmiljø
Moglegheit til å vise fram arbeidet ditt på synlege plattformer og i offentlege kanalar
Gratis bolig om du kjem utanifra
Slik søker du
Har du lyst til å bli med på laget og dokumentere Sognacamp 2025?
Send ei e-post med emnefeltet «Søknad fotograf Sognacamp» eller «Spørsmål til stilling fotograf Sognacamp» til henrik@sognnaring.no. I søknaden ønskjer vi at du legg ved ei kort beskriving av deg sjølv, erfaringa di med foto og video, kva utstyr du disponerer – og gjerne ein lenkje til portfolio eller døme på tidlegare arbeid.
Du treng ikkje skrive eit formelt brev – vi vil først og fremst bli kjent med kven du er, kva du kan og kvifor du har lyst på oppdraget. Og du må ikkje vere redd for å ta kontakt – anten du har spørsmål, vil lufte ei idé, eller berre er litt nysgjerrig. Vi ser fram til å høyre frå deg!