Bli med på tur til eit vakkert utsiktspunkt på Kaupanger! Nøyaktig kvar turen går, held vi litt ope enn så lenge – men du kan forvente ein fin kveldstur med god utsikt, frisk luft og godt selskap.
Turen passar for dei fleste og blir gjennomført i roleg tempo, med fokus på å nyte naturen og bli kjent med nye folk. Kanskje ventar det ei overrasking på toppen?