Sommar, volleyball og god stemning! Vi riggar til volleyballnett og grill på uteområdet ved folkehøgskulen – her er det berre å hive seg med, anten du vil spele for alvor eller berre nyte kvelden i godt lag.
Grillen er varm, og vi stiller med noko godt å legge på rista. Ta gjerne med eigen drikke og eit pledd – og bli med på ein avslappa sommarkveld med latter, ball og mat.