Tilbake til alle arrangementer

Cidersmaking og bading

Bli med på ein smakfull og forfriskande dag i vakre Balestrand! Vi startar med eit friskt bad i Sognefjorden, før vi tek turen til Ciderhuset – ein familiedriven gard med økologisk frukthage og eige sideri. Her får vi ei omvising i frukthagen og produksjonslokala, etterfølgt av ei sidersmaking der vi får smake på fem ulike typar sider laga på tradisjonelt vis. For dei som ønskjer det, finst det òg alkoholfrie alternativ.​

Ciderhuset er kjend for sine kvalitetsprodukt under merket Balholm, og deira lidenskap for frukt og sider kjem tydeleg fram i både smak og formidling. Etter smakinga blir det høve til å handle i gardsbutikken, som tilbyr eit breitt utval av sider, fruktjuice og andre lokale produkt.

Forrige
Forrige
10. juli

Kveldstur til Molden

Neste
Neste
15. juli

Morgenbading og kaffi