
Denne utsikta etter jobb?
Verdas beste sommarjobb finn du i Sogn!
Sogn er meir enn berre spektakulær natur – her finn du også eit breitt utval av spennande kompetansearbeidsplassar på tvers av mange fagfelt. På SOGNACAMP får du relevant arbeidserfaring kombinert med eit sosialt og aktivt opplegg fylt med naturopplevingar og fellesskap!
Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er SOGNACAMP for deg!

Møt andre sommarvikarar fra desse bedrfitene
Dette er SOGNACAMP – jobb på dagtid, eventyr på kveldstid!
Frisk start på dagen! – Morgonbading og kaffi fleire gongar gjennom sommaren. Perfekt for å kickstarte arbeidsdagen!
Sosial stemning! – Afterwork, quiz og grilling der du blir kjent med andre deltakarar.
Ut på tur! – Kveldstur til Molden, fjellturar på Kaupanger, klatring på Kvam og bretur til Jostedalen.
Førstemann uti! – Havkajakk på fjorden og bading i spektakulære omgjevnader.
Festivalstemning! – Nyt musikk og stemning på Bergtatt-festivalen og Fresen-festivalen.